Tips oss:
Tips
416 80 550
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Kristdemokraternas norsk-svenske partileiar Ebba Busch Thor ser ikkje vekk frå eit regjeringssamarbeid med Sverigedemokraterna.
uvakt@ntb.no/kirsten@npk.no
Publisert: 26.09.2018 kl 10:25
- Vi må komme bort frå dette at ein er så utruleg usikker på sine eigne verdiar og sin eigen politikk at ein blir skremt berre av nærværet til Sverigedemokraterna i Riksdagen, seier Busch Thor til nyheitsbyrået TT.
- Eg står under alle forhold for vår politikk og våre verdiar, uavhengig av kven som stemmer for. Og då har eg vore reie til å gå inn i regjering, sjølv om det skulle krevje støtte frå Sverigedemokraterna, seier ho.
Busch Thor utvikla sitt resonnement i eit intervju med SVT.
- Er ein trygg på sine grunnleggjande verdiar, vil ein kunne få støtte frå Riksdagen uansett korleis den støtta ser ut. Vi hadde for eksempel ikkje fått gjennom Andreas Norlén som talmann om ikkje det forslaget hadde hatt brei støtte i Riksdagen.
Talmannen leier arbeidet i Riksdagen og svarar til vår stortingspresident.
I valkampen og hittil etter valet har dei fire konservative alliansepartia avvist samarbeid med SD, og Liberalernas leiar Jan Björklund var onsdag raskt ute med ein åtvarande peikefinger til Busch Thor. Han trur Alliansen sprekk dersom nokon av partia opnar for samarbeid med SD.
- Vi har alle fire før valet vore tydelege på at det er uaktuelt, og det håpar eg gjeld også etter valet, seier han til Dagens Nyheter.
Valet enda med at Alliansen fekk 143 mandat og dei raudgrøne partia 144. SD fekk 62 mandat.
Tysdag vart Socialdemokraternas statsminister Stefan Löfven avsett etter å ha fått eit fleirtal av Alliansen og SD mot seg i Riksdagen. Han leier likevel ei overgangsregjering inntil ei ny regjering er på plass.
(©NPK)
Kristdemokraternas Ebba Busch Thor kunne juble for støtte frå 6,3 prosent av veljarane i det svenske valet 9. september. Foto: Jessica Gow / TT / NTB scanpix