Klargjør siden...

Leiaren av Haqqani-nettverket er død

Grunnleggjar av ei av Afghanistans mest frykta geriljagrupper Jalaluddin Haqqani er død. Son hans leier no haqqani-nettverket.

Det er allierte i Taliban i Afghanistan som tysdag melder at Jalaluddin Haqqani er død, 79 år gammal, etter ein lang kamp mot sjukdom.

Jalaluddin Haqqani grunnla nettverket som ber hans namn i 1970-åra, og fungerte som øvste leiar i fleire tiår.

I fråsegna frå Taliban heiter det at Jalaluddin «var ein av dei store, leiande personlegdomane innan heilag krig frå denne epoken».

Haqqani kjempa den USA-støtta kampen mot den sovjetiske invasjonen av Afghanistan på 1980-talet. Han oppnådde då anerkjenning for sin organisasjon og tapperheit, og vart lagt merke til av CIA, og fekk til og med eit personleg besøk frå den amerikanske kongressmannen Charlie Wilson.

Haqqani-nettverket får skulda for å ha introdusert sjølvmordsbombingar i Afghanistan og blir skulda for å stå bak angrepet mot Kabul Serena Hotel i januar 2008, der den norske journalisten Carsten Thomassen vart drepen.

Jalaluddin hadde nære band til blant andre Osama bin Laden og var minister i Taliban-regimet i Afghanistan.

Sirajuddin Haqqani, son hans, leier no det frykta Haqqani-nettverket, som samarbeider med Taliban. Sonen er også nestleiar i Taliban. Det gjekk allereie for tre år sidan rykte om at Haqqini var død, noko som da vart nekta for av Taliban, men då vart det opplyst av kjelder at han hadde overlate styringa av nettverket til Sirajuddin.

(©NPK)

Jalaluddin Haqqani, grunnleggjar av Haqqani-nettverket, under eit intervju i 1998 i Miram Shah i Pakistan. Ifølgje Taliban er han no død etter lang tids sjukdom. Foto: Mohammed Riaz / AP / NTB