Klargjør siden...
Annonse

Liten nedtur på Oslo Børs

Hovudindeksen på Oslo Børs fall fredag med 0,35 prosent til 938,26 poeng.

Den siste veka har Oslo Børs lagt på seg 1,55 prosent. Fredag vart det omsett aksjar og eigenkapitalbevis for 5,31 milliardar kroner.

Equinor toppa omsetningslista, men fall tilbake 0,3 prosent til 229,50 kroner.

Taparane fredag var Telenor som fall 2 prosent og DNB som fall 1,1 prosent. Vinnarane var Yara som auka med 2,3 prosent og Aker BP som gjekk opp 1,7 prosent.

Ved dei leiande børsane i Frankfurt, Paris og London gjekk det litt dårlegare. DAX 30 i Frankfurt fall 1,4 prosent, mens FTSE 100 i London fall med 0,2 prosent. CAC 40 i Paris fall 0,7 prosent.

Nordsjøolje vart ved børsslutt fredag omsett for 82,6 dollar fatet på spotmarknaden, nesten ein dollar meir enn torsdag ettermiddag. Amerikansk lettolje vart omsett for 73 dollar fatet på spotmarknaden.

(©NPK)

Foto: Lise Åserud / NTB scanpix

Annonse