Klargjør siden...

Liten oppgang på Oslo Børs

Hovudindeksen gjekk opp 0,2 prosent til 904,31 poeng på ein tysdag da selskapa som utgjer indeksen, hadde svært ulik utvikling.

Equinor var det mest omsette selskapet og fekk ein kursvekst på 0,8 prosent, ei utvikling som er i tråd med oljeprisen. Den steig med 0,7 prosent frå midnatt og fram til tysdag ettermiddag. Eit fat nordsjøolje vart da omsett for 72,55 dollar.

Bak Equinor på omsetningslista følgde Marine Harvest, som gjekk ned med 1,9 prosent og dermed utraderte gevinsten frå dagen før. Dei to neste selskapa var DNB og DNO, som begge flytta seg ein halv prosent - oppover for banken, nedover for oljeselskapet.

Telenor stod i praksis stille tysdag, mens både Hydro og Yara auka med 0,2 prosent og heldt dermed følgje med hovudindeksen.

I Europa fall FTSE 100-indeksen i Londen med 0,3 prosent, mens Dax-en i Frankfurt og CAC 40 i Paris steig med høvesvis ein halv og to tredels prosent.

(©NPK)

Det var inga eintydig utvikling for selskapa på Oslo Børs tysdag. Illustrasjonsfoto: Erik Johansen / NTB scanpix

Annonse