Tips oss:
Tips
416 80 550
Kontakt
Ettertrakta Erling Braut Håland (17) er ønskt i fleire store ligaer. Fleire klubbar er i samtaler med Molde.
jonas.berge@ntb.no/kari@npk.no
Publisert: 13.07.2018 kl 10:11
Ifølgje Romsdals Budstikke forhandlar Molde med fem klubbar om spisstalentet. Italienske Juventus skal vere ein av klubbane.
- Vi har vore i dialog med nokre klubbar, men held oss roleg til interessa. No er G19-meisterskapen det neste for Erling, seier Molde-direktør Øystein Neerland til avisa.
Lokalavisa skriv fredag at det er interesse for Håland frå klubbar i Italia, England og Tyskland. Manchester United har blant anna blitt kopla til Håland fleire gonger.
- Det er fleire aktørar som har tatt direkte kontakt med oss. Vi har vore i samtaler med nokre klubbar, men der står saka. Ein samtale er ikkje det same som eit bod. Vi held oss til formelle tilbod som står på eit papir. Og det ligg ingen slike konkrete bod med tidsfrist på bordet, opplyser Neerland.
Molde takka i vinter nei til eit bod frå Juventus. Neerland seier MFK opplever at media haussar opp interessa rundt det 17 år gamle stortalentet. Han påpeiker også at Molde ikkje er i ein posisjon der dei må selje ungguten.
- Vi må ingenting for vi har allereie tent gode pengar i sommar på vidaresalet av Mohamed Elyounoussi. Dette blir ei vurdering vi må gjere når vi ser kva som eventuelt kjem av formelle bod. No er det viktig at vi skjermar Erling litt og lar han konsentrere seg om EM-sluttspelet for G19. Der får han spele mot jamaldrane og vise seg fram i eit godt utstillingsvindauge, seier Øystein Neerland.
(©NPK)
Erling Braut Håland er ønskt av fleire store klubbar. Foto: Carina Johansen / NTB scanpix
Artikkelen fortsetter etter annonsen.