Tips oss:
Tips
482 94 689
Kontakt
Franske styresmakter har sett i gang korrupsjonsetterforsking av Alexis Kohler, stabssjefen til president Emmanuel Macron.
uvakt@ntb.no/kirsten@npk.no
Publisert: 04.06.2018 kl 16:13
Etterforskinga vil dreie seg om perioden frå 2012 til 2016, då Kohler (45) hadde ei høg stilling i det franske finansdepartementet.
Fransk påtalemakt opplyser at dei vil undersøkje om Kohler følgde reglar som skal forhindre interessekonfliktar. Potensielle interessekonfliktar kan ha oppstått i tilknyting til den italienske shipping-giganten MSC.
Kohlers mor er kusina til milliardæren Rafaela Aponte, som grunnla MSC saman med ektemannen Gianlugi i 1970. Selskapet er i dag eitt av dei største i verda innan konteinarfrakt og cruise.
I ei fråsegn frå Macrons kontor heiter det at skuldingane mot Kohler er fullstendig grunnlause. Samtidig blir det understreka at han vil samarbeide med etterforskarane.
Kohlers forbindelsar til Aponte-familien vart først omtalt av nettmagasinet Mediapart, som spesialiserer seg på gravejournalistikk.
(©NPK)
Alexis Kohler, stabssjefen til president Emmanuel Macron, er under gransking for skuldingar om korrupsjon. Foto: AP / NTB scanpix