Magnus Carlsen stiller i poker-VM i Las Vegas

Sjakkmeister Magnus Carlsen tek neste veke turen til Las Vegas for å delta i poker-VM.

Carlsen skal delta i hovudturneringa i «World Series of Poker», arrangementet som i praksis er VM i poker, skriv VG.

Den verdskjende sjakkspelaren har tidlegare delteke i NM og har spelt litt med venner, men har aldri medvite trena på kortspelet.

– Det vil vere interessant å gjere dette ein gong i livet. Spele VM. Eg håpar å gjere ein god figur, seier han og påpeikar at han er eit konkurransemenneske.

Han understrekar at det ikkje er realistisk å kjempe i toppen i turneringa, men legg til at det ikkje alltid er den beste som vinn.

(©NPK)

Sjakkbrikkene blir bytte ut med kort når Magnus Carlsen drar til Las Vegas for å delta i VM i poker neste veke. Arkivfoto: Carina Johansen / NTB

Annonse
Annonse