Klargjør siden...

Mai-varmerekordar i Oslo, Kristiansand og Bergen

Mai har vore den varmaste månaden som er registrert i Oslo, Bergen og Kristiansand. 

I Oslo har gjennomsnittstemperaturen gjennom døgnet vore på 14,5 grader. Det er den høgste målt sidan Meteorologisk institutt begynte å måle temperaturgjennomsnittet i hovudstaden.

- Sist vi hadde ein så varm mai månad på Austlandet var i 1947, då gjennomsnittstemperaturen vart målt til 14,4 grader på Blindern. No er rekorden slått, seier meteorolog Bente Marie Wahl til NRK.

Rekordår i Bergen og Kristiansand

Den førre mai-varmerekorden på Austlandet vart etterfølgt av ein varm sommar.

Om dette vil gjenta seg i år, er høgst uvisst, ifølgje Meteorologisk institutt, som også melder om rekordtemperaturar i Bergen og Kristiansand.

Begge byane har hatt ein mai-gjennomsnittstemperatur på 12.9 grader. Det er 0,3 grader varmare enn dei tidlegare rekordane i Bergen og Kristiansand, og månaden er enno ikkje over.

Framleis gode temperaturar

Meteorolog Justyna Wodziczko opplyser at varmen sannsynlegvis vil halde seg godt ut i neste veke.

Oslo kan vente seg stabilt over 20 grader fram til fredag 1. juni, og det blir også fint vêr i Kristiansand, Stavanger, Trondheim og Bergen.

- I Bergen blir temperaturane ganske stabile. I helga kjem dei opp mot 25 grader, før det søkk til rundt 20 grader på tysdag, for så å mest sannsynleg auke igjen på torsdag, seier Wodziczko til NTB.

Med godvêret følgjer sterk UV-stråling i store delar av Sør-Noreg denne helga. På Yr.no blir folk rådd til å bruke solhatt og solbriller og å ta pausar frå sola mellom klokka 12 og 15.

«Bruk solkrem med middels faktor (15) og UVA-vern», heiter det vidare i varselet.

Storm i Finnmark

Meteorolog Wodziczko fortel om eit betydeleg vêrskilje mellom Sør- og Nord-Noreg. Laurdag ettermiddag er det sendt ut farevarsel om liten storm i Finnmark, og forholda blir særleg ille langs kysten.

- Det ligg eit kraftig lågtrykk vest for Nord-Noreg, som vil bevege seg nordaustover. Det blir kraftige vindkast på 25-30 meter per sekund langs kysten, og stiv kuling på Finnmarksvidda, seier Wodziczko.

- Folk må passe på å sikre båtar og trampolinar, legg meteorologen til.

Uvêret vil også ramme nordlege delar av Troms. Fylket får, til liks med Nordland, ei avslutning på månaden med mykje grått vêr.

- Nord for Bodø blir det stort sett grått og vått. I sjølve Bodø blir temperaturane fredag på mellom 12 og 15 grader, før det på laurdag søkk til mellom 6 og 8 grader. I Troms blir det litt varmare frå tysdag. Då kan det bli opp mot 16 grader, seier meteorolog Justyna Wodziczko ved Meteorologisk institutt.

temperaturane freistar til kveldsbad i Sør-Noreg. Foto: Cornelius Poppe / NTB scanpix / NPK