Tips oss:
Tips
416 80 550
Kontakt
Gjennom regionreforma blir den største desentraliseringa sidan fylka blei oppretta gjort, ifølgje næringsminister Monica Mæland (H).
innenriks.vaktsjef@ntb.no/Bjorn.Ivar.Voll@npk.no
Publisert: 24.09.2018 kl 16:39
Ho var til stades då KrF, Venstre, Framstegspartiet og Høgre la fram ein avtale om oppgåvene til dei nye regionane måndag.
- Eg er glad og fornøgd med at vi får avklart ein situasjon mange har følt som ganske usikker, sa Mæland.
Ho minte om at fylka skal vere slått saman 1. januar 2020 og at det dermed berre er tida og vegen igjen for fylka.
Statsråden minte også om at reforma flyttar makt frå staten til fylkeskommunane, men at ein ikkje gir fylkeskommunane makt til å overstyre kommunane.
Ho varsla at det måndag var for tidleg å seie noko om «pengar og menneske» i samband med samanslåinga, men at oppgåvemeldinga som varsla kjem 19. oktober.
(©NPK)
KrF og regjeringspartia la måndag fram ei semje om oppgåvene i dei nye regionane. Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix
Artikkelen fortsetter etter annonsen.