Klargjør siden...

Mæland i Finnmark - hygga seg i «løvas hole»

- Viss dette er løvas hole,  så er det ei veldig hyggeleg hole, seier kommunalminister Monica Mæland (H) som besøkjer Kirkenes medan fylkesstriden rasar.

- Viss dette er løvas hole, så er det ei veldig hyggeleg hole, seier kommunalminister Monica Mæland (H) som besøkjer Kirkenes medan fylkesstriden rasar.

Mæland opna Kirkeneskonferansen tysdag, samtidig som debatten om samanslåinga av Finnmark og Troms er oppheita. Før helga inngjekk forhandlingsdelegasjonar frå dei to fylka ei avtale om samanslåing, men kritikarar meiner Finnmark kjem for dårleg ut. Tidlegare Ap-nestleiar Helga Pedersen meiner all avgjerdsmakt flyttast ut av Finnmark og ber fylkestinget om å avvise avtalen.

Dersom fylkestinget i Finnmark ikkje godkjenner avtalen, kan fylka be forhandlarane om å gå ein ny runde, fortel Mæland.

Viktig fellesnemnd

Prosessen vidare er at fylka set ned ei fellesnemnd, som skal ta avgjerande avgjerder om prosessen vidare, blant anna bestemme kva for kontor som skal liggje kvar. Dersom dei to fylka ikkje blir einige om kven som skal sitje i nemnda, kan departementet bestemme, opplyser Mæland.

- Det håper eg vi skal unngå. Ikkje fordi departementet ikkje kan fatte avgjerder, men fordi eg trur at Troms og Finnmark er tent med at dei fattar avgjerdene sjølv, seier Mæland.

Ho opplyser at Troms har bede departementet om å fastsetje nemnda viss ein ikkje blir einige.

- Mitt utgangspunkt er at eg trur at Finnmark er tent med at ein sjølv gjennomfører forhandlingar og blir einige om utviklinga vidare, heller enn at det blir fastset på eit kontor i Oslo, seier Mæland.

Fryktar kjøttvekta

Ifølgje avtalen skal fellesnemnda bestå av 19 medlemmer frå Troms og 17 frå Finnmark. I Finnmark er det frykt for at ei nemnd nedsett av departementet heller vil spegle folketalet, og at det nordlegaste fylket dermed vil miste innverknad.

Ifølgje avtalen som ligg føre, vil fylkesrådmannen og den øvste politiske leiinga sitte i Tromsø, medan tre avdelingar som jobbar med internasjonale forhold og nordområda, i tillegg til folkehelse og samferdsel skal liggje i Vadsø.

Mæland ventar å høyre ulike synspunkt om striden under resten av besøket i nord, etter å ha vore delvis på scena, på bedriftsbesøk og møter tysdag.

- Så langt har fokuset vore på verdiskaping og dei fantastiske moglegheitene som ligg her, og dei spennande etatane som er tenkt lagt til Vadsø om avtalen blir godkjent, seier Mæland.

- Eg opplever at det er veldig mykje positivisme her. Det er økonomisk vekst, og mangel på arbeidskraft og kompetanse. Eg opplever i aller høgste grad at ein har fantastiske moglegheiter for å trekkje til seg arbeidskraft og auke kompetansen, seier ho.

(©NPK)

Kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland (H) var på besøk i Kirkenes tysdag. Arkivfoto: Lise Åserud / NTB scanpix