Malaysia: Tidlegare visestatsminister benåda

Politikarveteranen Anwar Ibrahim i Malaysia skulle blitt lauslaten i juni, men onsdag vart han benåda av kong Sultan Muhammad.

Det var den nyvalde statsminister Mahathir Mohamad som tidlegare i mai innfridde sitt første valløfte og bad kongen benåde Anwar.

Ein smilande Anwar gav tommel opp til journalistar utanfor eit sjukehus i Kuala Lumpur, der han har gjennomgått ein operasjon i skuldra. Han gav ingen kommentarar då han forlét sjukehuset.

Personar i Anwars parti seier han var på veg til audiens hos kongen, og at det er venta at 70-åringen vil uttale seg onsdag kveld. Benådinga gjer at Anwar unngår å bli utestengd frå politikken.

Den 92 år gamle statsministeren Mahathir og Anwar var nære allierte i perioden då Mahathir styrte Malaysia med hard hand frå 1981 til 2003. Men i 1998 sparka Mahathir sin dåverande visestatsminister Anwar, som deretter vart fengsla og sona seks år for såkalla sodomi og korrupsjon - før Høgsterett oppheva dommen.

Etter lauslatinga bidrog Anwar til å samle opposisjonen og sikra ei historisk oppslutning i valet i 2013. Deretter vart han fengsla igjen i 2015.

(©NPK)

Politikarveteran Anwar Ibrahim vinka til sine tilhengarar då han forlèt sjukehuset i Kuala Lumpur i Malaysia. Han er ikkje lenger utestengd frå politikken etter at han onsdag vart benåda av kong Sultan Muhammad. Foto: Vincent Thian / AP / NTB scanpix

Annonse