Annonse

Måling: Sverigedemokraterna er Sveriges nest største parti

Sterkt innvandringskritiske Sverigedemokraterna er Sveriges nest største parti i ei ny meiningsmåling.

I målinga som er gjort for kringkastaren SVT, får Sverigedemokraterna (SD) 21,9 prosents oppslutning.

Socialdemokraterna ligg berre knappe to prosentpoeng framfor med 23,8 prosent. Og borgarlege Moderaterna hamnar på tredje plass med 21,1 prosent.

- Vi kan utfordre Socialdemokraterna og Moderaterna om førsteplassen, sa SD-leiar Jimmie Åkesson så seint som tysdag.

Då kommenterte han ei annan måling der SD fekk 18,5 prosent. No har altså partiet tilsynelatande tatt eit nytt skritt mot målet om å overta leiartrøya - berre nokre månader før svenskane går til val.

Blant mannlege veljarar er SD allereie størst. 29 prosent av mennene i den nye undersøkinga seier dei ville stemt på SD om det hadde vore val i dag.

Socialdemokraterna har gått 3,1 prosentpoeng tilbake sidan førre tilsvarande måling for ein månad sidan. Partiet har skjerpa innvandringspolitikken, noko som har ført til kraftig intern kritikk.

Samtidig har ikkje partiet lykkast i å vinne tilbake meir innvandringskritiske veljarar som har hoppa over til SD.

Sverigedemokraterna blei grunnlagt på slutten av 1980-talet, og ein del av medlemmene den gong hadde bakgrunn frå rasistiske og høgreekstreme miljø. Dei siste åra har partiet tatt avstand frå slike grupperingar, men SD held fast ved at islam er ein trussel mot det svenske samfunnet.

(©NPK)

SD-leiar Jimmie Åkesson kan glede seg over ei ny meiningsmåling der SD er Sveriges nest største parti. Foto: Vilhelm Stokstad/TT / NTB scanpix

Annonse