Klargjør siden...

Manafort blir skulda for forsøk på å påverke vitne

Paul Manafort, Trumps tidlegare valkampsjef, blir skulda for forsøk på å påverke vitne i granskinga av den påståtte russiske innblandinga i presidentvalet.

I eit nytt rettsdokument skuldar Robert Muellers etterforskarar Manafort for fleire gonger å ha prøvd å kontakte to sentrale vitne for å påverke deira vitnemål.

Manafort er allereie tiltalt for ei rad forhold, blant anna for å ha fått store beløp frå Ukrainas tidlegare president Viktor Janukovitsj og for å ha skjult dette for styresmaktene.

Den tidlegare valkampsjefen sit for tida i husarrest og er pålagt forbod mot å uttale seg om etterforskinga. Muellers etterforskarar hevdar dei påståtte forsøka på å kontakte vitne er eit brot på forbodet. Dei har bedt retten om enten å revidere vilkåra for husarresten eller fengsle Manafort fram til rettssaka begynner.

Sjølv avviser Manafort alle skuldingar som er retta mot han.

Rettsdokumenta namngir ikkje dei to sentrale vitna som etterforskarane meiner Manafort har prøvd å påverke. Dei blir omtalt som medlemmer i ei gruppe europearar som skal ha drive ulovleg lobbyverksemd i USA under presidentvalet i 2016.

Den eine rettssaka mot Manafort er venta å begynne i Virginia 24. juli, mens rettssaka i Washington er tidfesta til september.

(©NPK)

Paul Manafort, tidlegare valkampsjef for Donald Trump, sit for tida i husarrest. Her er han avbilda etter ei høyring i Washington 23. mai. Foto: Jouse Luis Magana / AP / NTB scanpix