Klargjør siden...

Mange drepne i bombeangrep mot bryteklubb i Kabul

Minst 20 menneske er drepne og 70 såra i to bombeangrep mot ein bryteklubb i Afghanistans hovudstad Kabul. Fleire idrettsfolk og journalistar er blant offera.

Først gjekk ein sjølvmordsbombar til angrep inne i treningslokalet til brytarane vest i byen tidleg onsdag kveld.

Tryggingsstyrkar, journalistar og andre afghanarar strøymde til staden, og ein time etter det første angrepet, gjekk ei bilbombe av. Minst 20 er drepne, opplyser talsmann for innanriksdepartementet Najib Danish.

Blant dei drepne er to journalistar frå afghanske Tolo News, stadfestar TV-kanalen. Minst fire journalistar blei såra i den andre eksplosjonen, ifølgje mediestøtteforeininga NAI.

Tilstanden for fleire offera er alvorleg, og dødstalet er frykta å stige.

Sjølvmordsangrepet skjedde i ein bydel i Kabul som i hovudsak er busett av sjiamuslimske afghanarar.

Kritisk for trenar

Inga gruppe tok umiddelbart på seg ansvaret for angrepet, men IS' afghanske fløy har stått bak ei rekke grufulle sjølvmordsangrep mot sivile sjiamuslimar.

- Eg var utanfor då den første eksplosjonen skjedde. Over 30 er drepne, mange av dei brytarar, fortel Pahlawan Shir, som er leiar i bryteklubben Maiwand.

Det høge dødstalet er førebels ikkje stadfesta frå offisielt hald.

- Eg leita etter trenaren min, eg har endeleg funne han. Han ligg på sjukehus i kritisk tilstand, tilføyer han.

IS

På sosiale medium fortel afghanarar som seier dei var vitne til hendinga, at sjølvmordsbombaren først drap sikkerheitsvakter ved bryteklubben. Deretter gjekk han inn i lokala og sprengde seg sjølv blant mange idrettsfolk.

Det siste store terrorangrepet mot sjiamuslimar i Kabul skjedde 15. august, då ein sjølvmordsbombar sprengde seg sjølv på ein skule. Titals elevar i tenåra blei drepne medan dei leste til eksamen.

IS sa dei stod bak angrepet. Den ytterleggåande islamistgruppa ser på sjiamuslimar og alle andre som ikkje deler deira ekstreme ideologi, som fiendane sine.

(©NPK)

En såra mann fotografert på eit sjukehus i Kabul etter at ein bryteklubb blei ramma av to bombeangrep i den afghanske hovudstaden onsdag. Foto: Rahmat Gul / AP / NTB scanpix

En såra mann fotografert på eit sjukehus i Kabul etter at ein bryteklubb blei ramma av to bombeangrep i den afghanske hovudstaden onsdag. Foto: Rahmat Gul / AP / NTB scanpix

Annonse