Annonse

Mange vil delta i feiringa av gullbryllaupet til kongeparet

Over 3.500 personar har tatt kontakt med Kongehuset med ønske om å delta i festgudstenesta i Oslo domkyrkje i samband med gullbryllaupsdagen til kongeparet.

Kongeparet vil dele gullbryllaupsdagen 29. august med fleire og inviterte måndag 200 av Noregs innbyggjarar til å delta i festgudstenesta same dag. Dei som ønsker å delta vart bedne om å sende ein e-post til Slottet, og sjølv om fristen går ut først fredag vart plassane rivne bort nesten umiddelbart.

- Det er utruleg hyggeleg at så mange har lyst til å delta på festgudstenesta. Det er 200 plassar til fordeling, og invitasjonar vil no bli sende ut til dei som var først ute, opplyser Slottet på si nettside tysdag formiddag.

Det vart allereie måndag gjort klart at invitasjonane vil bli fordelte etter «først til mølla»-prinsippet så langt plassane rekk.

Den 19. mars 1968 gjekk det ut ei offisiell melding frå Slottet om at forloving var inngått mellom kronprins Harald og «frøken» Sonja Haraldsen. Bryllaupet stod eit snautt halvår seinare i Oslo Domkyrkje, 29. august 1968.

Festgudstenesta finn stad i Oslo Domkyrkje onsdag 29. august klokka 15, og vil bli vist direkte på NRK.

(©NPK)

Kronprins Harald og Sonja Haraldsen på pressekonferanse i Dronningparken etter offentleggjeringa av forlovinga i juni 1968. NTB arkivfoto / NTB scanpix

Annonse