Tips oss:
Tips
482 94 689
Kontakt
Ein 79 år gammal mann er innlagt på Førde sjukehus med alvorlege skader etter å ha falle om lag åtte meter ned i ein silo i Fjaler i Sogn og Fjordane.
innenriks.vaktsjef@ntb.no/Bjorn.Ivar.Voll@npk.no
Publisert: 28.05.2018 kl 16:59
Sist oppdatert: 28.05.2018 kl 19:23
Det opplyser Helse Førde på Twitter ved 19-tida måndag kveld.
Nødetatane fekk først melding om ulykka klokka 15.47 måndag ettermiddag. Mannen skal ha falle om lag åtte meter ned i ein silo i Dale i Fjaler kommune, og måtte heisast opp med bistand frå brannvesenet, opplyser politiet til Bergens Tidende.
Mannen var bevisst då politiet kom til staden, og blei seinare henta av luftambulanse og flogen til Førde sentralsjukehus.
Førebels er det uklart kva som var årsaka til ulykka.
(©NPK)
Illustrasjonsfoto: Gorm Kallestad / NTB scanpix.