Tips oss:
Tips
416 80 550
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Ein 22 år gammal mann er arrestert og sikta for drapet på rapparen XXXTentacion, opplyser politiet i Florida.
ann.fredriksen@ntb.no/johanne@npk.no
Publisert: 21.06.2018 kl 15:54
Mannen blei arrestert onsdag, opplyser politiet i Broward County torsdag.
XXXTentacion, som eigentleg heiter Jahseh Dwayne Onfroy, stod bak fleire hits og blei hylla av nokon av dei største namna i bransjen.
Den 20 år gamle artisten var i ferd med å forlate ein motorsykkelbutikk i Deerfield Beach nord for Miami måndag då to væpna menn nærma seg bilen han sat i. Minst ein av dei skaut rapparen, før begge flykta frå staden i ein mørk SUV.
XXXTentacion blei etter skytinga køyrt til sjukehus, der han blei erklært død.
(©NPK)
Ein mann sørgjer i nærleiken av der XXXTentacion blei skoten og drepen måndag. Foto: Wilfredo Lee/AP/NTBscanpix