Klargjør siden...

Mann dømd etter dødsulykke under trefelling

Ein driftsansvarleg i eit skogbruksfirma er dømd for brot på arbeidsmiljøloven etter at ein tilfeldig forbipasserande døydde da han fekk eit tre over seg.

Ulykka skjedde 24. august 2016. Under felling av eit skogsområde ved Hovdebygda i Ørsta fall eit tre over ein skogsveg og trefte ein forbipasserande mann. Han døde seinare på sjukehus av skadane, melder Mørenytt.

Søre Sunnmøre tingrett har dømd mannen i slutten av 50-åra til ei bot på 20.000 kroner, subsidiært fengsel i 15 dagar, for brot på arbeidsmiljøloven. Retten meiner han som driftsansvarleg på staden ikkje hadde vurdert risiko og fare knytt til arbeidet med trefellinga.

Retten konkluderer med at det ikkje var noka sikring eller merking i området der det skulle fellast ei rekke tre.

(©NPK)