Mannleg turist død etter fall i Lofoten

Ein mannleg turist i eit utanlandsk følgje omkom etter å ha falle om lag 30 meter under ein fjelltur ved Munkebu på Moskenesøya i Nordland.

Politiet varsla om ulykka ytst i Lofoten klokka 13.51. Den skadde turisten hadde synlege brotskadar og var ikkje ved medvit, opplyste politiet i Nordland først på Twitter. Den skadde var ein i eit turfølgje på ni personar.

Eit redningshelikopter blei kalla ut til staden, men livet til den skadde mannen lét seg ikkje redde.

Klokka 15.06 bekrefta politiet at mannen var omkommen som følgje av fallet.

- Turfølgjet var på veg ned frå fjellet då ein av dei fall. Det var ein anna i gruppa som varsla naudetatane, seier operasjonsleiar Odd Ivar Pettersen i Nordland politidistrikt til NTB.

Han seier at omstenda rundt ulykka framleis er uklare, men at politiet vil etterforske hendinga.

(©NPK)

Annonse