Tips oss:
Tips
482 94 689
Kontakt
Miljøpartiet Dei grøne (MDG) foreslår at miljødagen - 5. juni - blir gjort til nasjonal fridag frå neste år av.
innenriks.vaktsjef@ntb.no/kirsten@npk.no
Publisert: 05.06.2018 kl 09:05
- Det er på høg tid at miljøsaka får ein fridag. Dette engasjerer stadig fleire folk, og vi vil også at miljødagen blir ein dag ein forbind med noko positivt: Det å ha fri i sommarvarmen, seier MDGs nasjonale talsperson Arild Hermstad til VG.
For MDG er det likevel ikkje snakk om å byte ut nokon av dei gamle fridagane, slik fleire har tatt til orde for i det siste. Partiet meiner vi har for lite fri i utgangspunktet og vil innføre ein bonusfridag.
- Meir fritid gir betre livskvalitet. Vi ønsker fleire fridagar, eller at ein har kortare arbeidsdagar. Fagrørsla har ført ein kamp for kortare arbeidsdagar i eit hundreår - eg ser ikkje nokon grunn til at det skal stoppe opp. Målet med å jobbe er jo at vi skal leve gode liv, seier Hermstad til avisa.
5. juni vart innført som FNs miljødag i 1972 for å auke folks medvit om miljøspørsmålet. I år er temaet plast.
(©NPK)
MDG-talsperson Arild Hermstad vil at nordmenn skal få ein ekstra fridag. Foto: Heiko Junge / NTB scanpix / NPK