Klargjør siden...

Medium: Hydro skal ha levert forslag til løysing i Brasil

Hydro skal ifølgje fleire medium ha fremma eit forslag overfor brasilianske styresmakter for å løyse krisa knytt til Alunorte-anlegget.

Forslaget skal innehalde tiltak for lokalsamfunnet og grep for å garantere for sikkerheita ved raudslamdeponiet som høyrer til Hydro-anlegget, skriv E24, som viser til opplysningar frå Globo, TDN Finans og Bloomberg News.

Hydro har ein jamn oppgang på Oslo Børs tysdag formiddag. Ved 10-tida hadde aksjekursen stige med 3,7 prosent frå start.

Hydro vil ikkje bekrefte opplysningane.

- Vi har kontinuerleg dialog med fleire aktørar på ulike nivå. Det fortset vi med. Eg kan ikkje kommentere detaljane, seier informasjonsdirektør Halvor Molland til E24.

Norsk Hydro har blitt skulda for utslepp frå anlegget i Brasil som kan ha ført til forureina drikkevatn. Som følgje av dette har brasilianske styresmakter pålagt selskapet ei halvering av produksjonen.

Då Hydro la fram sitt kvartalsresultat tidlegare i vår, vart det kjent at produksjonskuttet i Brasil har kosta selskapet nesten ein halv milliard kroner.

(©NPK)

Illustrasjonsfoto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

Annonse
Annonse