Annonse

Medium: Italienske populistar samde om koalisjonsregjering

Ytre høgrepartiet Ligaen og den populistiske Femstjernersrørsla er samde om ein ny avtale om å danne regjering i Italia, ifølgje fleire medium. 

Nyheitsbyrået DPA, avisa La Repubblica og fleire andre medium siterer torsdag kveld partikjelder som opplyser at det er oppnådd semje.

Leiar for Ligaen, Matteo Salvini, skriv i ein Facebook-melding at dei to partia dei siste timane har jobba hardt for å danne ei regjering.

Forsøket på å stable på beina ei koalisjonsregjering blei tatt opp att onsdag etter at det havarerte sist helg. Det skjedde då president Sergio Mattarella nekta å godkjenne den føretrekte finansministerkandidaten til partia, som er uttalt motstandar av euroen.
EMBED START Image Leiar i Ligaen Matteo Salvini (midten) kom til Fiumcino-flyplassen utanfor Roma torsdag. Foto: Telenews / ANSA via AP / NTB scanpix EMBED END Image(©NPK)

Annonse