Annonse

Meir gods og færre passasjerar på norske togskjener

Godsmengda som blei køyrd med tog i Noreg var i fjor nær 35 millionar tonn, 2,9 prosent meir enn i 2016. Passasjertrafikken gjekk tilbake med 1 prosent.

Godsmengda i Noreg blei målt til snaue 11,3 millionar tonn i 2017, viser jernbanestatistikken som Statistisk sentralbyrå la ut måndag. Det er 5,5 prosent meir enn året før.

Godsmengda som blei importert, auka med 1,2 prosent til 20,8 millionar tonn, mens eksporten auka med 5,9 prosent til 2,9 millionar tonn. Godstransportarbeidet med jernbane utgjorde 4 milliardar tannkilometer i 2017.

Samla sett auka gjennomsnittleg transportlengde frå 108 kilometer i 2016 til 116 kilometer i fjor. Gjennomsnittleg innanlandsk transportlengde auka frå 242 til 244 kilometer i same periode.

Det blei registeret 73,6 millionar passasjerar på jernbanen i 2017. Det utgjer ein nedgang på 1 prosent frå året før. Persontransportarbeidet med jernbane utgjorde nesten 3,6 milliardar passasjerkilometer, ein reduksjon på 3 prosent i same periode.

(©NPK)

Illustrasjonsfoto: Vidar Knai / NTB scanpix

Annonse