Klargjør siden...

Melania Trump føler seg som den mest mobba personen i verda

USAs førstedame Melania Trump meiner at ho må vera den mest mobba personen i verda viss ein tek utgangspunkt i kva folk seier om henne.

Utsegna kom under eit TV-intervju der ho skulle promotera sin eigen kampanje Be Best (Ver best), som er meint å kjempa mot mobbing i sosiale medium.

- Eg kan seia at eg er den mest mobba personen i verda, seier Melania Trump i eit klipp frå intervjuet som torsdag blei vist i programmet «Good Morning America».

Ho seier også at ho har valt å retta kampanjen mot åtferda til folk i sosiale medium delvis på grunn av kva folk seier om henne.

- Vi må gje barna våre sosial og emosjonell opplæring slik at dei veit korleis dei skal handtera dei sakene når dei veks opp, seier presidentfrua vidare.

Kritikarar har peikt på at hennar eigen ektemann Donald Trump ofte brukar sosiale medium til å rakka ned på utsjånaden til folk og for å mangla talent og intelligens.

Men Melania Trump synest å vera meir oppteken av dei negative sidene til andre personar i Det kvite hus. Mellom anna meiner ho at det finst medarbeidarar som verken ho eller ektemannen kan stola på.

Ifølgje Melania Trump har fleire av desse allereie slutta, men ho stadfestar samtidig at ho meiner det framleis finst upålitelege personar i Det kvite hus.

Heile intervjuet skal etter planen sendast fredag kveld på ABC.

Donald Trump stilte same dagen opp i eit intervju der han stadfesta at det framleis er folk han ikkje stolar på i den nærmaste kretsen hans.

- Er det nokon eg ikkje er forelska i? Ja. Og vi vil luka dei ut sakte, men sikkert, sa han til «Fox & Friends» torsdag.

(©NPK)

Melania Trump på veg tilbake til Washington etter rundturen i Afrika. Foto: Carolyn Kaster / AP / NTB scanpix

Presidentfrue Melania Trump var nyleg på ein rundtur i Afrika. Her ved pyramidane i Egypt sist laurdag. Foto: Carolyn Kaster / AP / NTB scanpix