Tips oss:
Tips
482 94 689
Kontakt
USAs førstedame Melania Trump viste seg måndag offentleg for første gong på over tre veker. Saman med ektemannen heidra ho falne soldatar i Det kvite hus.
lone.martinsen@ntb.no/kirsten@npk.no
Publisert: 05.06.2018 kl 07:53
Ikkje sidan 10. mai, då Melania og Donald Trump tok imot dei tre amerikanarane som var lauslatne frå fangenskap i Nord-Korea, har offentlegheita sett førstedama.
Fire dagar seinare opplyste Det kvite hus at ho var innlagt på sjukehus for ein nyreoperasjon. Sidan har rykta gått om kvifor Melania Trump ikkje har vist seg offentleg, og ho har fleire gonger måtta gjenta at det står bra til med henne.
Video frå arrangementet måndag, der pressa ikkje fekk vere til stades, viser at presidenten følgde den 48 år gamle kona si til plassen hennar på første rad, før han sjølv gjekk på talarstolen.
Stephanie Grisham, talspersonen til førstedama, har opplyst at ho ikkje blir med verken til G7-møtet i Canada denne veka eller til Singapore neste veke, der presidenten etter planen skal møte Nord-Koreas leiar Kim Jong-un.
(©NPK)
Melania Trump har tatt seg ein pause frå rampelyset etter at ho gjennomgjekk ein vellykka nyreoperasjon. Her er ho avbilda i mai i fjor. Foto: Luca Bruno / AP / NTB scanpix