Tips oss:
Tips
482 94 689
Kontakt
Tysdag kveld har ein bil køyrt inn i eit steinras på E39 i Heim kommune i Trøndelag. Ingen personar vart alvorleg skadde i samband med raset.
Publisert: 24.01.2023 kl 19:49
Sist oppdatert: 24.01.2023 kl 20:18
Det stadfestar operasjonsleiar Kamilla Engen overfor NTB.
Det vart først meldt at ulykka hadde funne stad i Orkdal, men Engen kan fortelje at ulykka har skjedd i Heim kommune i Rodalen ved Vinjefjorden.
– Politiet og ambulanse er på veg til staden, men har enno ikkje komme fram. Det er ikkje snakk om alvorlege personskadar, seier operasjonsleiaren.
Ho fortel samtidig at det var Vegtrafikksentralen som først melde om hendinga.
– Det er ein stein og noko is som har rasa ut i vegen. Vegtrafikksentralen har varsla entreprenør for å rydde vegbanen og det er mogleg å passere på staden.
(©NPK)