Klargjør siden...

Meldingar om valdtekt av fire norske jenter i Hellas

Dei siste vekene har Europeiske Reiseforsikring fått melding om fire valdtekter av norske jenter i Hellas. Selskapet har ikkje sett eit slikt omfang før.

- Vi vel no å seie frå om dette, då vi meiner vi har eit ansvar for å fortelje om ei slik alvorleg utvikling, seier informasjonsdirektør Jon Berge i If og Europeiske Reiseforsikring.

- Det kan vere tilfeldig at dette skjer samtidig med alt vi sett i media om festkulturen på dei greske øyane, men det er like fullt informasjon som bør fram, fortset han.

Kvart år blir det meldt inn valdtekter til selskapet, men ifølgje Berge har dei aldri fått det i eit slikt omfang og berre frå eitt land. Alle dei fire norske jentene er i slutten av tenåra. Valdtektene skal ha skjedd i samband med at dei hadde vore på byen eller på diskotek i Hellas.

- Dette minner oss om at det skjer svært alvorlege ting på desse partystadane. Det er derfor viktig at alle som bevegar seg ut i dette nattelivet også er klar over at ikkje alle vil dei vel. Pass spesielt på at du aldri er åleine eller for rusa, seier Berge.

(©NPK)

Utsikt over Rethymnon på Kreta i Hellas. Det er ikkje kjent om nokon av dei melde valdtektene har skjedd på øya. Foto: Halvard Alvik / NTB scanpix

Annonse
Annonse