Tips oss:
Tips
416 80 550
Kontakt
Lionel Messis framtid på landslaget er avhengig av korleis Argentina gjer det under fotball-VM i Russland i sommar.
stian.johnsen@ntb.no/kirsten@npk.no
Publisert: 11.06.2018 kl 10:28
- Det kjem an på kor langt vi kjem, seier Messi i eit intervju med den spanske avisa Sport.
Han seier at tre finaletap på rad i store turneringar har ført til eit anstrengt forhold til pressa.
- Spesielt argentinske medium, fordi vi har ulikt syn på kva det vil seie å ha tatt seg til tre strake finalar.
Argentinarane tapte 0-1 i VM-finalen mot Tyskland i 2014 etter ekstraomgangar. I tillegg gjekk dei på to strake finaletap i Copa America mot Chile i 2015 og 2016.
Messi, som blir 31 år under VM, held Spania, Brasil, Tyskland, Frankrike og Belgia som dei største favorittane til å vinne meisterskapen.
- Det er mange lag som kjem med masse sjølvtillit, både som lag og som enkeltspelarar, seier Barcelona-stjerna.
Messi og det argentinske landslaget spelar sin første VM-kamp mot Island laurdag. I tillegg møter dei Kroatia og Nigeria i gruppespelet.
(©NPK)
Argentinas Lionel Messi seier framtida hans på landslaget er avhengig av korleis det går i VM. Foto: Ivan Sekretarev / AP / NTB Scanpix
Artikkelen fortsetter etter annonsen.