Tips oss:
Tips
416 80 550
Kontakt
Lionel Messi (30) seier han blir meir og meir sikker på at han aldri vil spele for ein annan europeisk klubb enn Barcelona.
egil.sether@ntb.no/kirsten@npk.no
Publisert: 29.05.2018 kl 09:40
Messi har spelt heile si vaksne karriere for Barcelona. Argentinaren, som har scora vanvitige 552 mål, har vore linka til Pep Guardiola og Manchester City.
I eit intervju med TV-stasjonane El Trece seier 30-åringen at han ønsker å runde av karrieren i sitt eige heimland.
- Eg har alltid sagt at eg ein dag ønsker å spele i Argentina. Eg veit ikkje når det vil skje, men det må bli i Newell's Old Boys, ingen andre stadar, skriv BBC som siterer TV-stasjonen.
- Eg blir meir og meir sikker på at Barcelona blir min einaste klubb i Europa, seier Messi.
Superstjerna signerte for Barcelona i 2001 og har kontrakt med den spanske klubben ut 2021-sesongen. I desse dagar er han med på Argentinas førebuingar før VM i Russland til sommaren.
Argentina er i gruppe med Island, Kroatia og Nigeria.
(©NPK)
Barcelona-spelar Lionel Messi trur ikkje han vil spele for andre europeiske klubbar. Foto: AP Photo/Natacha Pisarenko/NTB scanpix.
Artikkelen fortsetter etter annonsen.