Tips oss:
Tips
416 80 550
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Kronprinsesse Mette-Marit las opp ein stil ho sjølv skreiv som ungdomsskuleelev då ho besøkte Fiskå skule i Kristiansand onsdag.
innenriks.vaktsjef@ntb.no/kjell@npk.no
Publisert: 06.06.2018 kl 15:49
Skolebesøket var ein del av programmet til kronprinsessa i samband med at ho reiser sørover med Litteraturtoget i desse dagar.
Første stopp på reisa var i heimbyen til kronprinsesse Mette-Marit, kor ho besøkte Fiskå skule. Her venta det grilling, musikk og andre aktivitetar, før kronprinsessa sette seg ned til samtale med forfattar og skrivekurslærar Tiril Broch Aakre.
I samband med at elevar i niande klasse skulle ha skrivekurs, bidrog kronprinsessa tidvis lattermildt med høgtlesing av ein nynorskstil ho sjølv skreiv da ho var ungdomsskuleelev.
Litteraturtoget går i år til Stavanger og har ei rekke stopp på vegen, blant anna i Kristiansand, Marnardal og Mandal den første dagen. På programmet står blant anna møte med barnehagebarn og elevar ved forskjellige skular.
I Marnardal skal kronprinsessa dessutan møte forfattar Dag Solstad og Alf van der Hagen til privat samtale.
(©NPK)
Kronprinsesse Mette-Marit les frå sin egen nynorsk stil frå ungdomsskuletida og blir lattermild. Stilane oppbevarer kronprinsessa i ein treboks ho sjølv har laga på sløyden. Foto: Lise Åserud / NTB scanpix
Det blei latter da kronprinsesse Mette-Marit leste høgt frå ein stil på nynorsk ho sjølv skreiv på ungdomsskulen. Kronprinsessa reiser med Litteraturtoget frå Kristiansand til Stavanger onsdag. Første stopp på programmet var Fiskå skule i Kristiansand. Foto: Lise Åserud / NTB scanpix
Kronprinsesse Mette-Marit besøkte onsdag Fiskå skule i Kristiansand i samband med Litteraturtoget 2018. Foto: Lise Åserud / NTB scanpix
Kronprinsesse Mette-Marit oppbevarer sine eigne skulestilar i ein treboks ho laga på sløyden. Elevar på Fiskå skule i Kristiansand fekk høyre kronprinsessa lese høgt frå ein nynorskstil ho sjølv skreiv på ungdomsskulen. Foto: Lise Åserud / NTB scanpix
Kronprinsesse Mette-Marit møtte barn og ungdom på Fiskå skule i Kristiansand. Foto: Lise Åserud / NTB scanpix
Kronprinsesse Mette-Marit startar Litteraturtoget 2018 med å reise frå Kristiansand til Stavanger onsdag. Foto: Lise Åserud / NTB scanpix