Migrantar prøvde å ta seg over grensegjerdet mellom Marokko og Ceuta

Rundt 400 migrantar har prøvd å ta seg over det seks meter høge grensegjerdet som skil den spanske enklaven Ceuta frå Marokko. Tre vart sende til sjukehus.

Eit lokalt Røde Kors-kontor opplyser at dei tre pådrog seg sår og kutt. Seks andre vart sjekka av personell på staden.

Spansk politi opplyser at dei klarte å hindre rundt 150 menneske frå å ta seg over det åtte kilometer lange gjerdet tidleg onsdag morgon. Marokkanske sikkerheitsstyrkar stoppa i tillegg 250 som hadde same mål.

Ceuta og den spanske enklaven Melilla som ligg 250 kilometer lenger aust ved Marokkos nordlege kyst, blir prøvd brukt som springbrett for migrantar og asylsøkjarar frå Afrika som prøver å ta seg vidare til Europa.

Den spanske politistyrken opplyser at dette var det første masseforsøket på å klatre over det doble grensegjerdet på minst sju månader.

(©NPK)

Annonse