Miljøvernarar ber Elvestuen stille tøffare krav til eingongsplast-bransjen

Naturvernforbundet meiner regjeringa ikkje gjer nok for å få bukt med plastforsøplinga. Dei meiner regjeringa bør forby unødvendig eingongsplast.

- Den enklaste måten å få bukt med problemet på, er gjennom eit forbod mot heilt unødvendig eingongsplast. Dessverre veit vi at regjeringa ikkje går inn for eit sånt forbod no, seier leiar i Naturvernforbundet Silje Lundberg til NTB.

Klima- og miljøminister Ola Elvestuen (V) inviterte i juni delar av plastbransjen til Oslo for å diskutere korleis produsentar, importørar og forhandlarar kan samarbeide for å redusere unødvendig bruk av eingongsartiklar av plast.

Naturvernforbundet meiner initiativet er positivt, men spør etter tiltak frå regjeringa.

- Regjeringa bør sjå på om det er mogleg å innføre konkrete krav. Mykje av den mest unødvendige plasten som blir brukt i dag, til dømes plasten utanpå tre-pakningar av frå før plastinnpakka Kvikk-lunsj-sjokoladar, bør ein kunne krevje at produsentane minimerer bruken av, seier Lundberg.

Ho foreslår også å utvide panteordninga til å gjelde fleire plastartiklar enn tomflasker.

- Denne ordninga fungerer veldig bra, så ein bør sjå på om det er mogleg å gjere det same med annan stor emballasje, seier Lundberg.

Marin forsøpling og spreiing av mikroplast er eit av dei raskast veksande miljøproblema globalt, og eingongsartiklar av plast er ein stor del av dette problemet.

I ryddeaksjonar både i Noreg og elles i Europa er det funnet store mengder eingongsartiklar av plast på strender og langs kysten.

Seinast under strandryddeveka i mai, der både Elvestuen sjølv og statsminister Erna Solberg (H) deltok, vart det funne 11.000 bomullspinnar, 14.000 drikkeflasker, 3.000 snusboksar og 900 fiskegarn, ifølgje Hold Norge Rent.

(©NPK)

Under strandryddeveka i vår vart det funne store mengder plast, mikroplast og anna skrot i strandkantantane rundt om i heile landet. Her frå Bygdøy i Oslo. Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix.

Annonse