Tips oss:
Tips
416 80 550
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Ein tysk domstol har nedlagt hogstforbod i Hambacher-skogen utanfor Köln, til jubel frå miljøvernarar som har okkupert området i seks år.
uvakt@ntb.no/kari@npk.no
Publisert: 05.10.2018 kl 18:56
Den tyske energigiganten RWE ønskjer å rydde delar av skogsområdet for å kunne utvide eit gigantisk dagbrot der dei vinn ut kol.
I førre veke såg det ut som om miljøvernarar hadde tapt slaget, då lokale styresmakter gav politiet ordre om å jage dei frå skogen der dei har bygd små trehytter.
Fredag slo ein domstol i Münster fast at politiet si evakuering av området må vente inntil alle sider av saka er sett på.
Miljøvernarane viser blant anna til at Hambacher-skogen er heim for fleire sjeldne dyrearter, blant dei den trua bechsteinflaggermusa som er verna av EU.
- Dette er ein god dag for naturen og beskyttelse av klimaet, og det er ein milepæl for antikolrørsla, seier Martin Kaiser i Greenpeace.
RWE, som eig Hambacher-skogen, skulle etter planen begynne nedhogginga av rundt halvparten av trea, 200 hektar, 15. oktober.
Energiselskapet hevdar at dagbrotet i nærleiken må utvidast for at det skal kunne utvinnast nok brunkol til kolkraftverk i regionen, blant dei mest forureinande i heile Europa.
Rundt 40 prosent av Tysklands energibehov vert framleis dekt ved hjelp av kolkraft.
(©NPK)
Tyske miljøvernarar har halde stand i Hambacher-skogen utanfor Köln i seks år, trass i at politiet gjentatte gonger har aksjonert for å fjerne dei. Dette biletet vart tatt 13. september. Foto: AP / NTB scanpix
Den tyske energigiganten RWE vil hogge skog for å kunne utvide eit gigantisk dagbrot der det hentes ut brunkol, til protestar frå miljøvernarar som fredag fekk mellombels medhald. Foto: AP / NTB scanpix