Tips oss:
Tips
416 80 550
Kontakt
Sandvolleyballduoen Anders Mol og Christian Sørum har ein eventyrleg sesong bak seg. No kastar suksessen av seg økonomisk.
stian.grythaugen@ntb.no/kirsten@npk.no
Publisert: 02.10.2018 kl 13:26
Mol og Sørum har no skrive sin første store sponsorkontrakt, melder TV 2.
Med fleire sigrar i verdsserien og EM-tittel har paret tatt steget opp blant dei beste i verda i sin idrett denne sesongen. No har dei inngått ein avtale med sponsorgiganten Red Bull.
Avtalen strekkjer seg i første omgang til OL i Tokyo, og skal vere verdt rundt ein halv million kroner i året. Mol/Sørum har meldt seg på som eitt av Noregs største gullhåp i OL om snaue to år.
- Det er ingen tvil om at denne avtalen er utruleg stor for oss, seier Christian Sørum til TV 2.
I sommar var duoen utan tap i 22 kampar på rad.
- Vi veit at Red Bull berre sponsar dei aller beste utøvarane i sine idrettar, så det å vere blant dei er utruleg stas. Økonomisk gir det oss betre rammer for å kunne leve og satse fullt på sporten vi elskar og nå dei måla vi har sett oss, seier han.
Energidrikkgiganten har frå før namn som Petter Northug, Aksel Lund Svindal, Henrik Kristoffersen, Heidi Weng og Nora Mørk i stallen av norske toppidrettsutøvarar.
(©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.