Milliongåve til Team Ingebrigtsen

Gjert Ingebrigtsen meiner han og sønene kan konsentrere seg meir om friidrett enn økonomi etter at dei fredag fekk 1,8 millionar kroner i gåve.

Gjert Ingebrigtsen, far til løparbrørne Henrik, Filip og Jakob, fekk fredag 1,8 millionar kroner frå Sandnes Sparebanks gåvefond, skriv Stavanger Aftenblad.

Pengane skal fordelast over tre år og er meint som ei gåve med eit par føresetnader: At Ingebrigtsen-brørne skal trene meir i lokalområdet framfor stadig å reise på treningsopphald i utlandet, og at dei skal vere førebilete og representere Sandnes på ein god måte.

- Dette betyr frykteleg mykje. I dei neste tre åra treng vi berre å fokusere på det vi skal fokusere på, framfor økonomi. Dette er eigentleg heilt utruleg, seier pappa Ingebrigtsen til avisa.

Dei løpssterke brørne har starta sesongen godt.

Jakob (17) sprang inn til fjerdeplass og personleg rekord (3.52,28) på ein engelsk mil i Diamond League-stemnet i Eugene førre helg, mens eldstebror Henrik (27) blei nummer fem og slo den norske rekorden på distansen to engelske mil (3218 meter).

Filip (25) er i full trening igjen etter at han måtte bryte ein 5000 meter i Palo Alto i California med skade 4. mai. Undersøkingar viste at bronsemannen frå 1500-meteren i London-VM i fjor hadde ei sene som nesten var sundriven frå forfoten til hælbeinet.

(©NPK)

Ingebrigtsen-brørne, her representert ved Jakob (t.h) og Henrik får 1,8 millionar i gåve. Bildet er frå NM i friidrett på Askøy i 2016. Foto: Jon Olav Nesvold / NTB scanpix

Annonse