Tips oss:
Tips
416 80 550
Kontakt
Til forsiden
Publisert: 14.03.2024 kl 09:28 - Sist endret: 19.11.2024 kl 10:21
Prosjekt Heltid Privat sektor 1 stilling
Haramsnytt er ei heildigital lokalavis for Haram og Sandøy. Papiravisa kjem kvar torsdag. Redaksjonen held til i eigne lokaler i Brattvåg sentrum, midt mellom Ålesund og Molde.
Nysgjerrig på folk og gode historier, engasjert i samfunn, kultur og næringsliv? Vi søker ein dyktig og sjølvstendig journalist med teft for digital historiefortelling, levande bileter og stillbilete.
Vi ser etter deg som likar høgt tempo og som har lyst til å få fram dei gode historiene om folk, kultur og næringsliv. Haramsnytt er ei mediebedrift i vekst. Vi ønsker å ta nye steg i utviklinga av lokalavisa, der blir du ein viktig person for oss.
• Du må vite kva som er ei god nyheitssak og er god til å lage saker som mange vil lese.
• Du må vere eit stå-på-menneske, med hjarte for lokalsamfunnet.
• Du må vere sjølvstendig, effektiv og idérik.
• Du er kreativ og har god formidlingsevne gjennom språk, bilete og video.
Søkaren bør ha journalistisk erfaring eller utdanning.
Du må vere budd på noko kvelds- og helgearbeid.
Spørsmål om stillinga, kontakt dagleg leiar/redaktør Åshild Fjørtoft på e-post: aashild@haramsnytt.no eller på tlf. 416 80 550
Søknad, CV med referansar og arbeidsprøver sendast dagleg leiar/redaktør etter avtale.
Søknadsfrist snarast.
Vis flere ledige stillinger fra samme utlyser
Vis alle ledige stillinger
Hvis du ønsker å gjøre endringer på en stillingsannonse du har meldt inn må du kontakte oss.
Artikkelen fortsetter etter annonsen.