Klargjør siden...

Hildre Montessoribarnehage søker etter barnehagestyrar

Publisert: 28.04.2025 kl 15:37

Om stillingen

Prosjekt
Heltid
Privat sektor
1 stilling

Hildre Montessoribarnehage er på søken etter ein barnehagestyrar. Stillinga vil vere ei åremålsstilling på 2 år. Vi ser etter ein energisk og engasjert person som vil vere med på å vidareutvikle vår nye montessoribarnehage på Hildre. Barnehagen er godkjent for 12 store barn og 9 små barn, og du vil ha med deg 2 pedagogiske leiarar og 3 assistentar.

Ansvarsområde:
- Dagleg drift og sikre at barnehagen drivast i samsvar med gjeldande lover, forskrifter og retningslinjer
- I tett samarbeid med pedagogisk personale ha ansvar for at det pedagogiske arbeidet er forankra i Montessori sine prinsipp og i tråd med rammeplanen og barnehagelova
- Personalleiing
- Økonomistyring, rapportering og budsjettansvar
- Kontakt og samarbeid med foreldre
- Utviklingsarbeid med personalet

Vi søker deg som har:
- Godkjent utdanning som barnehagelærar eller anna høgskuleutdanning som gir barnefagleg og pedagogisk kompetanse
- Bakgrunn frå eller vilje til å setje deg inn i montessoripedagogikk
- Gode norskkunnskapar – både munnleg og skriftleg
- Erfaring som leiar eller frå barnehage er ønskeleg

Personlege eigenskapar:
- Du har gode kommunikasjonsferdigheiter og kan samhandle med barn, tilsette og føresette på ein god måte
- Du er tydeleg og trygg som leiar
- Du har fagleg interesse for å drifte barnehagen etter Montessori sine prinsipp
- Du fremjar ein inkluderande og støttande arbeidskultur
- Du har godt humør, kan inspirere og skape trivsel

Vi kan tilby:
- Åremålsstilling i 2 år, med moglegheit for forlenging
- Stillingsprosent og løn etter avtale
- Ei dyktig og erfaren personalgruppe
- Eit engasjert lokalmiljø
- Eit spanande prosjekt

Søknadsfrist: snarast

Spørsmål og søknad kan sendast til styreleiar Jan Magnus Håhjem,
jan.magnus@hotmail.com
Tlf: 952 78 080

Vis flere ledige stillinger fra samme utlyser

Vis alle ledige stillinger

Hvis du ønsker å gjøre endringer på en stillingsannonse du har meldt inn må du kontakte oss.