Annonse

Minst 100 døde etter uvêret i Japan

Minst 100 personar er døde som følgje av det kraftige regnvêret i Japan, opplyser styresmaktene i landet. Samtidig er 68 meldt sakna.

Måndag morgon har regnvêret endeleg gitt seg, men gjørme og store vassmassar skaper kraftige problem for redningsarbeidarane. Likevel fortset dei arbeidet med uforminska styrke.

Talsperson Yoshihide Suga i den japanske regjeringa opplyser måndag at 100 personar er stadfesta omkomne.

Flest personar er sakna i Hiroshima-området, som har hatt dei største materielle skadane. I byen Kurashiki vest i landet er meir enn 1.000 personar omringa av vatnet, ifølgje Kyodo.

Statsminister Shinzo Abe uttalte søndag at arbeidet er ein kamp mot klokka. Nokre av flaumoffera sender desperate meldingar over sosiale medium for å få hjelp frå nødetatane. I landsbyar sentralt og vest i Japan har innbyggjarar blitt nøydde til å krype opp på hustak, dei einaste stadene dei kan komme unna leirskred og vassmassar som omgir dei på alle kantar.

Meir enn 50.000 redningsarbeidarar, politifolk og militære er mobilisert for å avhjelpe situasjonen, der heile småbyar er overflaumde og berre få ytre teikn, som trafikklys over vassflata, vitnar om at det er eit lokalsamfunn under vatnet.

Japan gjennomgår tunge regnsesongar tidleg om sommaren kvart år, men i år har det komme rekordstore mengder. Enkelte stader har det falle over ein meter regn på kort tid.

(©NPK)

Ein innbyggjar vert henta opp frå eit overflaumd område i Kurashiki i Okayama i Japan laurdag. Både båtar og helikopter vert tekne i bruk i redningsarbeidet for å få henta ut alle som er innestengde av vassmassane. Foto: Shohei Miyano / Kyodo News / AP / NTB scanpix

Kurashiki i Okayama, sørvest i Japan er ein av byane som heilt eller delvis ligg under vatn etter det kraftige regnvêret. Foto: Shohei Miyano / Kyodo News / AP / NTB scanpix

Annonse