Klargjør siden...

Minst 28 overgrepssaker i norske skular og barnehagar i 2017

I 2017 var det minst 28 overgrepssaker der tilsette i norske skular og barnehagar var sikta, tiltalt eller dømt for overgrep mot barn, melder Utdanningsnytt. 

Dei 28 sakene i 2017 er ein svært markant auke frå snittet på cirka elleve saker per år i sjuårsperioden 2010 til 2016, ifølgje Utdanningsnytt.

Sakene frå 2017 gjeld 18 tilsette i skule og ti barnehagetilsette. Talet på dommar i 2017 enda på 16. Snittet for dei sju førre åra er ni dommar per år.

Leiar i Utdanningsforbundet Steffen Handal seier overgriparar i skulen kan vere svært vanskelege å avsløre. Ingen skular eller barnehagar har nokon garanti for at dette ikkje kan skje hos dei, meiner han.

- Derfor er førebygging så viktig. Vi må ha høg merksemd og heile tida opptre slik at vi støttar barn og elevar til å seie frå, seier Handal.

Leiaren for seksjon for seksuallovbrot i Kripos, Laila Søndrol, seier omfanget av politimelde seksuelle overgrep mot barn har hatt ein kraftig auke dei siste åra.

- Overgrep mot barn skjer kvar einaste dag på dei stadane barn oppheld seg, også i barnehagar og på skular. Det er grunn til å tru at det framleis er store mørketal på området, seier ho.

Auken i registrerte saker med overgrep mot barn kan ha fleire årsaker.

- Meir openheit rundt seksuelle overgrep og lågare terskel for å melde til politiet kan vere ei årsak. Dei internettrelaterte overgrepssakene, der ein enkelt gjerningsperson kan nå ut til fleire hundre fornærma, kan forklare ein del av auken, seier Søndrol.

(©NPK)

Steffen Handal, leiar i Utdanningsforbundet, seier det er vanskeleg å avsløre overgriparar i skulen. Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix

Annonse