Tips oss:
Tips
416 80 550
Kontakt
Missekonkurransen Miss America har avgjort at deltakarane skal sleppe å posere i badetøy. Dei skal ikkje lenger dømmast ut frå utsjånad, seier arrangøren.
ann.fredriksen@ntb.no/kjell@npk.no
Publisert: 05.06.2018 kl 18:44
Deltakarane skal heller ikkje vise seg fram i gallakjolar lenger. Derimot skal dei svare på ei rekke spørsmål og bli intervjua av dommarane under missekåringa.
Endringane trer i kraft frå kåringa av Miss America neste år.
- Vi er ikkje lenger ei skjønnheitskåring, men ein konkurranse, seier Gretchen Carlson til ABC News. Ho er styreleiar i Miss America-organisasjonen og sjølv tidlegare vinnar av Miss America.
- Vi vil ikkje lenger dømme kandidatane våre ut frå utsjånad og fysiske framtoning. Det er det som kjem ut av munnen deira, som vi er interesserte i, seier Carlson.
Ho fortel vidare at arrangøren av missekåringa har fått mange meldingar frå jenter og unge kvinner som seier at dei ønskjer å delta i den tradisjonsrike missekåringa, men at dei ikkje vil sprade over golvet iført bikini og høge hælar.
- Så tenk, det trenger dei ikkje å gjere lenger, seier Carlson.
Den tradisjonsrike missekonkurransen har gått føre seg sidan 1921, då den første Miss America blei kåra.
(©NPK)
Bilde frå kåringa av Miss America i 2015. Men no er det slutt på å la deltakarane posere i badetøy, ifølgje arrangøren. No er det kva deltakarane seier som skal vere avgjerande. Foto: AP / NTB scanpix
Gretchen Carlson, styreleiar i Miss America-organisasjonen, seier deltakarane i missekonkurransen ikkje lenger skal vise seg fram i bikini og gallakjolar. Foto: AP / NTB scanpix