Mjelde scora i Chelseas generalprøve

Maren Mjelde scora på vakkert vis då Chelsea slo Juventus 3-0 i London-lagets siste treningskamp i sesongoppkøyringa.

Mjelde markerte seg i sluttminutta av kampen då ho fekk ein pasning på kanten av 16-meteren, før ho curla ballen i mål utan at keeper kunne gjere noko med skotet.

Ramona Bachmann og Fran Kirby stod for dei andre måla i 3-0-sigeren.

Både Mjelde og landslagsvenninne Maria Thorisdottir spelte heile kampen for London-laget. Thorisdottir burde komme på scoringslista i løpet av oppgjeret, men misbrukte ei stor moglegheit.

Chelsea startar med teljande kampar neste helg mot Brighton.

(©NPK)

Maren Mjelde scora for klubblaget sitt Chelsea i ein treningskamp mot Juventus. Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

Annonse