Annonse

Molde-spiss blir lånt ut til skotsk klubb

Molde-spissen Fredrik Brustad skal spela for den skotske toppserieklubben Hamilton fram til neste sommar.

Molde stadfestar på nettsidene sine at klubbane er samde om ein eitt år lang låneavtale.

Brustad kom til Molde i 2016. Totalt står han med 59 kampar og 15 mål for romsdalsklubben. Denne sesongen har det blitt éin fulltreffar.

Spissen har kontrakt med Molde ut 2019-sesongen.

Hamilton ligg for tida på 9.-plass i den skotske eliteserien.

(©NPK)

Fredrik Brustad blir lånt ut frå Molde til Hamilton i skotsk fotball. Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

Annonse
Annonse