Klargjør siden...

Mona Juul utnemnt til ny FN-ambassadør

Tidlegare Ap-politikar Mona Juul er i statsråd fredag utnemnt til Noregs nye FN-ambassadør.

Mona Juul (59) har tidlegare vore nestkommanderande i den norske FN-delegasjonen i New York. Juul har også vore norsk ambassadør i Israel, ekspedisjonssjef i UD, og statssekretær i UD for Ap.

Ho er også kjent frå prosessen med å forhandle fram ein fredsavtale for Midtausten der ho var sentral saman med blant andre ektemannen Terje Rød-Larsen. Prosessen enda med at Israel og palestinske PLO signerte ein fredsavtale i Washington i 1993.

Annonse
Annonse