Monaco sikra seg russisk landslagsspelar før Chelsea

Aleksandr Golovin (22) er klar for Monaco etter å ha vore svært nær ein overgang til Chelsea.

Aleksandr Golovin (22) er klar for Monaco etter å ha vore svært nær ein overgang til Chelsea.

Den russiske landslagsspelaren var venta å signere for Chelsea. Nyleg blei Golovin ønska lykke til av CSKA Moskva-lagkamerat Sergej Tsjeptsjugov med overgangen til London-klubben.

No har 22-åringen skrive under ei femårskontrakt med Monaco.

- Eg er veldig glad for å signere for Monaco. Dette er eit nytt eventyr for meg som eg møter med mange ambisjonar. Eg gler meg til å møte staben og dei nye lagkameratane mine og komme i gang, seier russaren til nettsidene til klubben.

Golovin var ein sentral del av VM-troppen til Russland som rauk ut mot Kroatia etter ekstraomgangar i kvartfinalen.

Monaco enda på andreplass bak suverene Paris Saint-Germain i fransk Ligue Un førre sesong.

(©NPK)

Den russiske landslagsspelaren Alexander Golovin er klar for Monaco. Foto: Pavel Golovkin / AP / NTB scanpix

Annonse