Tips oss:
Tips
482 94 689
Kontakt
Sør-Koreas president Moon Jae-in kan komme til å dra til Singapore for å møte USAs president Donald Trump og Nord-Koreas leiar Kim Jong-un.
uvakt@ntb.no/kirsten@npk.no
Publisert: 28.05.2018 kl 11:41
Det potensielle trepartsmøtet kan finne stad rundt 12. juni, datoen som Trump og Kim opphavleg hadde fastsett for det bilaterale møtet, opplyser ein talsmann for Moon til det sørkoreanske nyheitsbyrået Yonhap måndag.
Møtet vil likevel vere avhengig av utfallet av samtalar som no går føre seg mellom Washington og Pyongyang, legg talsmannen til.
Søndag møtte amerikanske delegatar ein delegasjon frå Nord-Korea i grensebyen Panmunjom i den demilitariserte sona mellom Sør- og Nord-Korea. Føremålet er å førebu seg til det varsla møtet i neste månad.
Det herskar uvisse rundt planane etter at Trump torsdag sa han avlyste møtet som følgje av det «kraftige sinnet» og den «opne fiendskapen» i utsegner frå Nord-Korea. Natt til søndag var tonen ein annan. Då sa Trump at samtalane med Nord-Korea om å gjennomføre møtet likevel, «går veldig, veldig bra».
Trumps utsegn kom dagen etter at Moon og Kim hadde eit hastemøte for å prøve å redde det planlagte toppmøtet. Då sa Kim at han framleis vil møte Trump. Den nordkoreanske leiaren gjentok også sitt løfte frå april om å byggje ned atomprogrammet i landet.
(©NPK)
Sør-Koras president Moon Jae-in skriv i besøksboka mens Nord-Koreas leiar Kim Jong-un står ved sida av, under møtet mellom dei to leiarane i grensebyen Panmunjom laurdag. Foto: AP / NTB scanpix