Tips oss:
Tips
416 80 550
Kontakt
Fortset Johannes Høsflot Klæbo på sprintlandslaget? Eller blir det overgang til allroundlandslaget? Morfar Kåre Høsflot er vagare enn hovudpersonen sjølv.
sjur.natvig@ntb.no/Bjorn.Ivar.Voll@npk.no
Publisert: 15.03.2018 kl 15:26
I helga vinn Klæbo verdscupen samanlagt om ikkje noko heilt spesielt skjer.
Morfar har alt retta blikket framover, men vil ikkje dele for mykje om det han og barnebarnet har komme fram til.
- Vi har tenkt. Vi veit kva vi vil, men vi ønsker ikkje å seie så mykje om det ennå.
- I fjor var det eit ønske om å komme på allroundlaget, men det blei sprintlaget. Kva er tanken neste år?
- Det får vi sjå på. For min del kunne dei ha slått sprint- og allroundlaget saman. Det er mi personlege meining.
- Kvifor?
- Det er ikkje så veldig stor skilnad på måten å trene på. Vi køyrer jo etter vår eigen modell, men er med på samlingane. Ikkje høgdesamlingar, og så var det ei samling som han måtte stå over på grunn av sjukdom. Denne sesongen har gått veldig på skjener. Han har vore flink med seg sjølv, sa morfar Kåre til NTB på skistadion i Falun torsdag.
Johannes sjølv gjennomført ei økt på i underkant av to timar før han tok seg tid til ti minutt med pressa. Han ville heller ikkje å seie noko særleg om neste sesong.
21-åringen seier at han er svært fornøgd med opplegget han har hatt denne sesongen.
- Eg er strålande fornøgd med det laget eg er på. Eg trivst godt der, og samarbeidet mellom morfar og Arild (sprinttrenar Monsen) fungerer veldig bra. Det gjer det enkelt for meg, og det er viktig å hugse på. Eg har fått det som eg har ønskt denne sesongen. Det gjer at eg er fornøgd, og då ser eg heller ingen grunn til å endre nokon ting.
Klæbo seier at diskusjonen sjølvsagt vil komme. Det gjer han ingenting.
- Planen er at eg skal fortsette å ta vare på styrkane mine. Det er det som har hjelpt meg til dei resultata eg har. Eg har lyst til å ta steg på distanse også, og då må det takast nokre grep. Eg og morfar har ein god plan for korleis vi skal løyse det, og så trur eg ikkje det spelar noka rolle om du er på allround- eller sprintlandslaget med tanke på betre kapasitet. Du blir betre på samlingar, men i hovudsak handlar det om jobben du gjer heime, sa Klæbo.
Tor Arne Hetland er trenar for allrounderane. Han vil heller ikkje seie så mykje, men trur kanskje at Klæbo held fram på sprintlaget også neste sesong.
- Johannes er fus i alt. Det er ingen tvil om at den utviklinga han har hatt på sprintlaget har vore svært bra for han. Mykje tyder på at han held fram på sprintlaget, sa Hetland til NTB.
Langrennslandslaget for neste sesong blir presentert i slutten av april.
(©NPK)
Johannes Høsflot Klæbo kan vinne verdscupen samanlagt til helga. Han vil ikkje seie om han vil vere på sprint- eller allroundlaget neste sesong. Foto: Roni Rekomaa / NTB scanpix
Artikkelen fortsetter etter annonsen.