Tips oss:
Tips
416 80 550
Kontakt
Mai månad er på veg mot ein historisk varmerekord, ifølgje Danmark Meteorologiske Institut (DMI). Snittemperaturen er venta å bli mellom 14,6 og 14,8 grader.
innenriks.vaktsjef@ntb.no/Bjorn.Ivar.Voll@npk.no
Publisert: 24.05.2018 kl 15:59
Dermed kan den nye rekorden liggje opptil 1 grad celsius over den gamle rekorden frå 1889 på 13,8 grader, ifølgje DR Nyheder.
Nyleg blei det også sett ein ny varmerekord i Noreg, då termometeret til Meteorologisk institutts på Blindern viste 27 grader, det varmaste som nokon gong er registrert i Oslo så tidleg på året.
Som følgje av den globale oppvarminga blir det sett varmerekordar langt oftare enn før mange stader i verda. I Noreg har gjennomsnittstemperaturen sige med ei halv grad dei siste 15 åra, ifølgje Meteorologisk institutt.
(©NPK)
Nyhavn i København. Illustrasjonsfoto: Paul Kleiven / NTB scanpix.
Artikkelen fortsetter etter annonsen.