Klargjør siden...

Muntert Kollen-gjensyn for Brå og Zavjalov

Oddvar Brå (67) og Aleksandr Zavjalov (63) var måndag tilbake der ein ikonisk norsk augneblink skjedde. Delar av VM-stafetten frå 1982 vart rekonstruert.

Oddvar Brå (67) og Aleksandr Zavjalov (63) var måndag tilbake der ein ikonisk norsk augneblink skjedde. Delar av VM-stafetten frå 1982 vart rekonstruert.

Måndag møttest dei to skiløparane i Holmenkollen. Dramaet skjedde 25. februar 1982, og det er framleis ein snakkis 36 år seinare.

Nokre hundre meter frå mål i langrennsstafetten i VM brakk Brå staven.

Han fekk etter kvart ein ny av Terje Bogen. Til slutt vart det delt siger mellom Noreg og Sovjetunionen. Mange meiner at russaren Zavjalov var først i mål. Etter langt om lenge vart det bestemt at gullet skulle delast.

Brå har fått spørsmål om denne VM-stafetten titusenvis av gonger opp gjennom åra. Nokre gonger ti gonger om dagen.

Den amerikanske storavisa New York Post laga sist vinter ein stor reportasje om dramaet med undertittelen «Where were you when Bra broke his pole».

Lattermildt

Måndag var ei rekkje sentrale folk frå stafettdagen til stades i Holmenkollen, blant dei Terje Bogen.

Oddvar Brå sjølv datt under eit mosjonsløp søndag og var litt forslått.

- Det går bra, men eg heldt vel på å slå meg i hel, seier Brå til NTB og bryt ut i latter.

- Eg har møtt Savjalov fleire gonger etter 1982, også i Russland. Det er hyggeleg.

Måndag var stavar frå 1982 også på plass.

- Eg valde ein ny type stav før VM. Den var litt lettare og gav meg ein betre rytme. Eg vann 15-kilometeren med den to dagar før stafetten. Så staven var det nok ikkje noko feil med, seier Brå.

Bok neste

NRKs TV-kommentator Rolf Hovden høyrdest ut som han skulle svime av og falle ut av vindauga da han ropte «La han få ein stav!».

Bakgrunnen for møtet mellom Brå og Zavjalov måndag er ein bok som kjem i oktober: «Oddvar Brå. Et skiløperliv». Den er skriven av skihistorikaren Thor Gotaas.

(©NPK)

36 år etter det verdskjende stavbrotet under VM-stafetten i Holmenkollen, møttest Oddvar Brå (67) og Aleksandr Zavjalov (63) igjen.
Foto: Ole Berg-Rusten / NTB scanpix

Annonse