Mykje nedbør og salt i sporet ventar Tour de Ski-løparane
Regnet bøttar ned i Oberstdorf før Tour de Ski-konkurransane torsdag. Det er meldt slik utover store delar av dagen.
Løypetraseen er korta ned, men løparane skal gå dei oppsette 10 og 15 kilometerane i fellesstart fri teknikk.
Det kjem også til å bli salta i sporet. Onsdag bles sprinten heilt bort etter at vind med orkan styrke i kasta reiv ned store tre.
Vinden skal ta seg opp utover dagen torsdag, men vêrprognosane tyder ikkje på nokon reprise av onsdagen.
(©NPK)
Det såg ikkje bra ut i Oberstdorf etter uvêret onsdag. Foto: Karl-Josef Hildenbrand, AP / NTB scanpix