Klargjør siden...

Mykje nedbør skaper innhaustingsproblem for grønsaker

Dei store mengdene nedbør på Vestlandet og i Trøndelag denne veka skaper innhaustingsproblem for grønsaker. Fleire gulerotareal er øydelagt på grunn av regn.

Det har vore kraftige nedbørsmengder over heile Vestlandet og oppover mot Trøndelag denne veka, og mange åkrar er øydelagt som følgje av drukning, opplyser Landbruksdirektoratet.

Avlingsundersøkingar gjennomført av GPS (GrøntProdusentenes Samarbeidsråd) legg fram ein prognose om at det truleg blir 15 prosent mindre gulrot enn på same tid i fjor. Likevel er det venta at avlinga i år vil rekke om lag like lenge som i fjor, som også var prega av dårlege innhaustingsforhold.

Hodekål blir spådd bra avlingar, mens blomkål har gått tomt på lager. I nokre distrikt har tilførselen av blomkål stoppa opp etter det kalde vêret.

(©NPK)

Illustrasjonsfoto: Frank May / NTB scanpix

Annonse